HONNING
Naturlig, sunt og godt
​
Honning er eit naturprodukt rikt på antioksidanter og enzymer med antiseptiske egenskaper.
Honning er eit sunt og naturlig pålegg og søtningsmiddel i matlaging og bakverk, men og samtidig mykje brukt innan naturmedisin.
​
Haldbarheit på honning er nermast uendeleg og opplever du at den flytande honningen krystalliserer (vert kornete) så kan du sette den i varmt vassbad til den er flytande att.
​
​
​
Sommarhonning, flytande, ca 250 gr på glas
Sommarhonning, krystallisert, ca 250 gr på glas
​
Sommarhonning, krystallisert, ca 115 gr på glas
​

Sommarhonning

Smak av sommar
Biene våre hentar nektar og pollen frå markblomar og tre, som til dømes: selje, hegg, løvetann, engkarse, kløver og mange fleir. Honning er eit naturprodukt og smaken varierer etter kva planter biene har henta nektar frå. Biene flyr lange avstander for å sanke.
​
Honningen me hauster frå bikubane vert slynga og silt før den vert tappa på glas. Honning vil krystallisere etter ei stund, avhengig av kva type nektar biene har henta. Honningen vår vert difor fryst ned og er då som fersk når den vert tint oppatt. På grunn av dette vil det stå haldbarheit tre månadar etter opptinig på etiketten.
​
Me har og honning som er rørt og krystallisert til ein fast og glatt honning. Den honningen treng ein ikkje fryse ned då den vil beholde konsistensen i lang tid framover


Birøkt
