Neset Gard er ein gard i bygda Seim i Alver kommune. Trond Inge og Mona driv garden og me er 5. generasjon i Mona si slekt som no driv garden. Plassen Neset ligg idyllisk til ved Seimsfjorden og ligg på historisk grunn med røter tilbake til vikingtida.
Her på garden bur me tre generasjoner og me produserer kjøt av grasfora gamalnorsk sau, kanskje mest kjent som villsau.
Me er medeigar av Nortura og har nisjeavtale der. Det vil sei at Nortura tar seg av slakting, partering og med får kjøtet i retur frå dei.
Her heime vert kjøtet gjort klart for salting, modning og levering. Ta kontakt så avtaler vi henting.
I tillegg til villsau har me og eit par bikuber, nokre høner og ein liten kjøkkenhage.
Me er oppteken av rein og minst mulig prossert mat.
Om Neset Gard
Me er oppteken av berekraft og dyrevelferd.
Det vil sei at me nyttar garden sine ressursar så langt som råd og at sauene våre får gå ute heile året og leve så naturleg som mogleg. Dei får tilsyn kvar dag og beiter på inn- og utmark,
i fjøra og i skogen.
Her beiter dei mellom anna gras, urter, lyng, tang og tare. Dette er med på å gje den milde gode smaken på kjøtet. Om vinteren tilleggsforer me med tørrhøy og silofôr.
Berekraft og dyrevelferd
Birøkt
Mona er sertifisert birøktar og agronom og har
bigard heime på garden. Me slynger vår eigen honning og sel flytande og rørt honning.
Villsauen
Utegangarsauen er liten av vekst, nøysom og har eit godt flokk- og morsinstinkt. Den er hardfør og beiter allsidig sammenliga med dei meir framavla og kryssa rasene.
Dei fleste værane og nokre av sauene har horn. Ullfellen er tolags, dvs. består av tett fin bunnull og grov dekkull.
Sauen er svært årvaken, det er alltid ein sau på vakt.